Jostedalen - lett tilgang til varierte brelandskap

Jostedalen ligg fantastisk til mellom nasjonalparkane Jostedalsbreen og Breheimen. Det storslåtte landskapet byr på eit mangfald av naturopplevingar og aktivitetar. Frå Jostedalen har du tilgang til mange utløparar av Jostedalsbreen: Nigardsbreen, Bergsetbreen, Tuftebreen, Fåbergstølsbreen, Tunsbergdalsbreen og Austdalsbreen (på biletet over, foto: Icetroll).

Nigardsbreen

Dei fleste som vitjar Jostedalen kjem for å oppleve Nigardsbreen på nært hald. Nigardsbreen er lett tilgjengeleg frå Nigardsbreen Lodge, og tre av romma våre har utsikt mot breen. Jostedalen Breførarlag (www.bfl.no) har arrangert blåisvandring på Nigardsbreen sidan 1987. Turane er for nybyrjarar og erfarne friluftsfolk i alle aldre, og for familier med born ned mot 6 år. Nokre av breførarane på Nigardsbreen er kjende fjellførarar frå Nepal, som guider på de største fjella i Himalaya elles i året!
Mange besøkande tek seg inn til brekanten på eigahand. Vær varsam og følg skilt og andre tilvisingar når du besøker Nigardsbreen naturreservat!

Kajakkpadling og brevandring på Austdalsbreen

Øvst i Jostedalen ligg Styggevassdammen og Styggevatnet, med tilgang til Austdalsbreen. Sidan 2003 har Icetroll arrangert kajakkturar inn til den spektakulære brefronten, som kalvar rett ut i vatnet. Dette er ein heilt unik naturoppleving i norsk samanhang! Tilbring ein dag i selskap med Icetrolls trivelege internasjonale guider, i kajakk og til fots på sjølve breen. Turane er i utgangspunktet for alle. Sjå Icetrolls nettsider for informasjon om andre turtilbod, som blant anna inkluderer raftingturar på breelva Jostedøla: www.icetroll.com

Breheimsenteret
Breheimsenteret ligg rett ved Nigardsbreen Lodge og er vitjingsenteret for Jostedalsbreen og Breheimen nasjonalparkar. Senteret rommar ein interaktiv og informativ utstilling om isbrear, kinosal, kafé, turistinformasjon og souvenirbutikk.

Fotturar i Jostedalen
På eigahand kan du ta turen inn den vakre Krundalen, til parkeringsplassen ved Bergset. Herfrå går ein lett og godt merka sti inn mot Bergsetbreens dramatiske brefall. Med utgangspunkt i den same stien kan du også ta den bratte turen opp til Tuftebresteinen, som gjev flott utsikt mot Tuftebreen. Moglegheitene for varierte fotturar med Jostedalen som utgangspunkt er rike, for dei som ynskjer å tilbringe ei veke eller meir her. Vi hjelper deg med å finne frem til fine fotturar!

Fotturar i Breheimen
Jostedalen er eit ypparleg utgangspunkt for fleire dagars fotturar i dei vakraste områda av Breheimen nasjonalpark. Frå Fåberg kan du køyre opp Vetlestølsdalen og gå på merka sti til Arentzbu. Denne sjølvbetjente turistforeningshytta har ei av landets finaste plasseringar. Frå Arentzbu kan du gå vidare ned Mørkrisdalen, som sammen med Aurlandsdalen blir rekna som Sogn og Fjordanes flottaste dalføre.
Frå Viva er det lett tilgong til Sprongdalshytta og vidare til idylliske Sota sæter, som ligg i Skjåk i Gudbrandsdalen. Sota sæter er det beste utgangspunktet for ein tur til toppen av Tverrådalskyrkja (2088 moh.). Nigardsbreen Lodge kan hjelpe til med transport dersom du ynskjer å gå fotturar i Breheimen.