Heimelaga mat med lokal drikke

 

Kvar kveld lagar me heimelaga middag. Restauranten er open frå 19.00 til 21.00.

Menyen består av dagens suppe, hovudrett og dessert. Du kan sjølv velge kor mange og kva for rettar du vil ha.

Dagens tre-rettar kostar frå 330 til 360 kroner. 

På drikkemenyen står mellom anna øl frå Balder Brygg i Leikanger og eit utval juicar frå Eplet i Solvorn.

 

Dersom du har lyst på middag, kan me legge inn dette når du reserverer rom, eller du kan gje oss beskjed om det ved ankomst. 

Me tek gjerne omsyn til allergiar og andre diettynskjer. Gje berre beskjed på førehand.