Nigardsbreen Lodge

Nigardsbreen Pensjonat var i mange år ein populær samlingsstad for turister og brefolk om sommaren. Huset vart sett opp i 1954 og kort tid etter starta vertskapet Anna og Lars Kreken med matservering og overnatting på Fjellheim (som bygdafolket kallar staden). Etter mannens død heldt Anna fram med drifta åleine til tidleg på 1990-talet. Ho vart kjend for god mat,omhyggeleg reinhald og "kruttsterk fjellkaffi kokt på ekte brevatn". Anna hadde også dalens flottaste hage med utsyn direkte mot Nigardsbreen. I mange år var det ingen drift på Fjellheim. Eigedomen vart seld etter Annas død i 2008 til Rolf Wikborg og to lokale investorar og drivarar. Eigarane stod då for ei stor og viktig opprusting. Dei satsa på 60-talsretro, blomstertapeter og værbitte bord frå ein gamal låve i interiøret. Tradisjonen med å tilby overnatting med frukost ble vidareført.

I dag er Ola Moe frå Gjøvik største eigar og Nigardsbreen Lodge er del av hotellkjeda Pure Hotels.